Denne veka har rosamannen emigrert over fjella til austlandet. Han tek eit masterstudium på deltid, og er difor vekke ei veke pr semester på skule. Før desse vekene legg eg tusen planar om ting eg skal bruka kveldane på. Eg skal scrappa, scrappa, blogga, scrappa, ta nokre små og litt større prosjekt som har vorte utsett....... Med så mange planar berre må det gå gale. Men heldigvis ikkje alt! For i somar ein gong fekk eg det slik på meg at eg ville lage til ei tavle på kjøkkenet, der eg kunne f.eks. skrive middagsliste (har nemleg vore flink og handla berre ein gong i veka, og for å få det til krever det at eg har ein middagsplan), eller ting som me MÅ hugse. Mor mi vart kommandert inn til fargehandlaren for å kjøpe tavlemaling og høveleg rulle, men like brått som eg fekk det på meg, like brått fann eg ut at dette måtte vente.
Eg innlemma på eit tidspunkt rosamannen i planane, men då han ikkje viste nokon overvettes entusiasme fann eg ut at dette var eit prosjekt for mor åleine. Av x antal ulike grunnar har det ikkje blitt noko av - før no. No har eg tavle på pipa på kjøkkenet, og manglar berre ein fin såpekopp til å ha skulekritt og svamp oppi. Dei gedigne kritta eg kjøpte på butikken idag eigna seg kun til overskrift.



Resten av planane mine har det vorte so som so med. Kveldane går jo så fort! Når jentene er lagde så nyttar det ikkje å setje seg ned og vente på at mannen ryddar kjøkkenet. Nei, her må alt gjerast sjølv. Ein kveld til rydding, ein kveld til øving, ein kveld til surfing, ein kveld til blogging. Denne kvelden skulle vere kvelden for scrapping. Eg hadde ein idè om noko lite som ikkje direkte er scrapping, men som kanskje kunne vere fint til ei jolemesse eller til små jolegåver. Idèen vart sett til live, og var igrunn ganske fin. Men så...
...så var det TOMT. Det var formeleg ekko i toppetasjen fordi det ikkje var noko der. . Heldigvis kom bror min og trengde hjelp til noko, så eg slapp å innsjå det triste faktumet sånn heilt med det same: Eg manglar inspirasjon, eller noko verre - eg er tom for idèar.
Neste laurdag skal eg på kurs der me skal lage stjernebok, og eg håpar den samlinga kan gje meg masse inspirasjon til vidare scrapping og prosjektering. No skal eg inn og skrive på tavla mi at me MÅ hugsa å kjøpa egg, melk og brød imorgon den dag idag...








