
Eg og Trollkåno hadde ein liten fredagstur på Plantasjen, og midt mellom blomar og gassgrillar, paviljongar og frukttre, sat denne vesle engelen med søkande blikk, og ba så tynt om å få vere med. Det fekk han sjølvsagt! No er han her og prydar hagen til foreldra mine, men han skal nok få flytte ned i vår eigen hage, der han kan lyse opp med ei tenksam mine. Eg har forresten gysla lyst på ein slik paviljong, eg òg. Ein kvit, i tre, som me kan sitte under i sol og regn, med bord og stolar, god mat og god drikke.

Akurat no ventar me på ein elektrikar-kamerat som skal legge varmekablar på badet-to-be. Idag kjende eg for fyrste gong på lenge ei kriblande kjensle etter å komme igang med noko der nede i kaoset, og det var litt godt. Så får me sjå kor lenge det er til neste gong - og om eg får gjort noko med det.
Nyt pinsehelga!!
